Personvernerklæring

Personopplysingar er informasjon som kan koblast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysingar, men også anna informasjon som kan knytast til deg meir indirekte. I denne personvernerklæringa kan du lese om kva personopplysingar Harald Kapstad AS er handsamingsansvarleg for. Det er viktig for oss at du veit kva slags personopplysingar vi handsamar, slik at du kan ta i vare dine rettar etter personvernlovgjevinga.

Opplysningar om eigar

Eigar av nettstaden er Harald Kapstad AS, Flovegen 10, 6802 Førde.
E-post: ghk@haraldkapstad.no. Organisasjonsnummer: 994 000 691.

Nettstaden misf.no

Vår databehandlar på denne nettstaden er Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240

Informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøkjer ei nettside. Vi brukar ikkje informasjonskapslar for å identifisere deg

Vi brukar ein sesjonsavhengig informasjonskapsel (session cookie) for å lette bruken av nettstaden, ved til dømes at nettlesaren hugsar kva sider du har vore innom slik at dei legg seg i hurtigminnet og det går raskare å navigere. Du kan sjølv velje å slå av slike informasjonskapslar i nettlesaren, men brukaropplevinga og navigeringa på nettstaden kan då bli forringa.

I tillegg brukar vi ein informasjonskapsel for å beskytte brukaren og nettsidene mot angrep. Denne kan ikkje veljast vekk.

Viss du besøkjer nettstaden vår, og ikkje har slått av all cookie-bruk via innstillingane i nettlesaren, så samlar vi inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet Google Analytics, som er ei nettanalysetjeneste som vert levert av Google, Inc. («Google»). Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstaden. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kor lenge besøket varar, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta.

Opplysningane vert behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meiner vi at vi ikkje kan spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar. Vi samlar inn heile IP-adressa, men IP-adressa vert avidentifisert slik at berre dei tre første gruppene i adressa vert bruk til å generere statistikk. Det vil seie at dersom IP-adressa består av nummera 195.159.103.82, vert berre 195.159.103.xx brukt. I tillegg vert IP-adressene behandla på aggregert nivå, det vil seie at all data vert slått saman til èi gruppe og ikkje behandla individuelt.

Dine rettar til innsamla personopplysingar.

Om du kontaktar oss via epost eller skjema så tek vi vare på den informasjonen som er naudsynt for å behandle førespurnaden din, t.d. namn, telefon, epost og informasjonen du har sendt oss. Personopplysingar vert handsama i tråd med personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer deg merksam på at du kan krevje innsyn i, og flytting av eigne personopplysingar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar. Krav frå den registrerte skal besvarast kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Det kan klagast til Datatilsynet på handsaming i strid med reglane.

Kontaktinformasjon:

Hendvendingar om kva opplysningar som er registrert, retting og sletting skal sendast skriftleg til: ghk@haraldkapstad.no.